Artistar 2020 - Fjordblues

Gå til innhold

Hovedmeny:

Artistar 2020

Artistar Fjordblues 2020

Vidar Letho
Konferansier på årets Fjordblues er multitalentet Vidar Letho som er kjend som både komikar, musikar, foredragshaldar, lærar, skodespelar mm. Her blir det både musikalske innslag og heilt sikkert ein god porsjon humor. Med sine 128 centimeter, marknadsfører han seg som «Nordens minste standupkomiker». Han har delteke i eit stort antal tv-program frå Hotel Cæsar til The Voice og Torsdag kveld frå Nydalen. Ein særdeles habil bluesgitarist og multiinstrumentalist er han også med sitt Vidar Letho and his Half Man Band.

Joakim Tinderholt & his Band
Med si tolking av klassisk blues, rhythm and blues og tidleg rock & roll så er Joakim Tinderholt & His Band kanskje Norges fremste autentiske bluesband. Feire spelemannsnominasjonar og terningkast seks i musikkpressa er klare bevis for at dette er eit band av ypperste kvalitet. Med platekontrakt i Tyskland har bandet etablert seg som eit sterkt namn på den europeiske blues og rock n’ roll scena med opptredenere på bluesfestivalar i Spania, Holland og England. Eit perfekt band til å skape den rette stemninga når det skal settast eit svingande punktum av Corona-utgåva av Fjordblues !

The Bills
Dette er roots/americanabandet til Bill Booth og Bill Troiani, to amerikanske veteranar som har vore svært sentrale i norsk blues og roots musikk i fleire ti-år. Dei gir no ut sitt første album «Til the Blues Have Gone" saman. Platesleppet skjer under Fjordblues saman med sitt faste band. Albumet framhevar den ypperlege kombinasjonen av Bill Troiani sin soul og blues stil og Bill Booth sin Americana og folk stil og byr på både melankolske innslag men også svingande rytmar med eit hint av New Orleans Blues.

Howlin’ Jukes
Bluesbandet Howlin Jukes frå Bergen gjorde stor suksess på Fjordblues i 2016 med fenomenet Geir Mæhle som vokalist og frontmann. Han imponerer både med sine vokale prestasjonar og sceneutstråling. Eit svært energisk band som alltid leverer på scena med sin miks av Texas og Chicago blues. Når vokalist Geir Mæhle trår til med sin versjon av «With a little help from my friends» så snakkar vi om vokalprestasjonar og innlevelse i Joe Cocker klasse !

Vintage Radio
Vintage Radio foreinar blues, soul og gospel på sin eigen måte. Dei har kjærleik for den tradisjonelle bluesen og formidlar ærlege tekstar saman med energiske riff, intense gitarsoloar og ein følsam vokal. Bandet hentar inspirasjon frå artistar som Melody Gardot, Beth Hart,
Joe Bonamassa og Tedeschi Trucks Band. I ein omtale av bandet heiter det at bandet har ein kvinneleg vokalist som er fullt på høgde med Beth Hart, og ein gitarist som går Beck, Blackmore og Bonamassa i næringa.

Atle Oen
Atle Oen frå Nordfjordeid er aktuell med si rykande ferske americanaplata «Played by Heart». Til Fjordblues tek han med seg medmusikantar Dan Aasebø og Hege Naustdal og spelar nedstrippa, akustiske låtar frå debutplata.

 
RaudSprit
Ikkje ein gong corona-versjonen av Fjordblues blir arrangert utan eit band frå Firda vgs, på scena. Bandet har teke namnet RaudSprit og dei ei lovar alt frå groovy bluesrock til eksotisk blues fusion !

 
 
Tilbake til innholdet | Tilbake til hovedmenyen